Visekatalogen
Visearkivets katalog er dessverre ikkje tilgjengeleg på nett enno. Men om du kontaktar oss kan vi prøve å finne den visa du er på jakt etter.
Visearkivets viseregister inneheld over 70 000 referansar (juni 2007). I viseregisteret kan vi søke på førsteline, visetittel, refreng, tekstforfattar, komponist og utøvar. For viser innsamla frå munnleg tradisjon og viser knytt til ein bestemt stad, er det også mogleg å søke geografisk. Dessutan er det mogleg å søke på genre (t.d. sjanti, rallarvise, bibelsk vise) og innhaldsemneord (t.d. fattigdom, vinter, miljøvern).
I Viseregisteret er det berre registrert materiale som Norsk visearkiv sjølv har i sine samlingar. Det vil seie at om ei vise finst i registeret så er ho også i samlingane våre. |