Lindemanutgåva
Utgåva kan tingast direkte frå Novus forlag her
I 1997 og 2003 kom Ludvig Mathias Lindemans samling av norske folkeviser og religiøse folketoner ut i to bind. Første bindet inneheld Øystein Gaukstads biografiske skisse, eit oversyn over samlinga, dessutan tekster til melodiane og registre.
Andre bindet inneheld faksimilar av alle melodiane. I til-legg er båe binda tilgjengelege på ein CD-ROM, denne inneheld også reinskrifter av alle noteoppskriftene.
Ludvig Mathias Lindeman var Norges viktigaste folkemusikksamlar på 1800-talet. Han starta alt i 1840 og frå 1848 til langt ut i 70 åra samla han melodiar kvar sommar. Til samman nesten 1700 melodiar.
Dei melodiane som Lindeman ikkje sjølv publiserte, har lenge vore bortgøymte og ukjente.
Erik Henning Edvardsen, som hjalp Gaukstad i arbeidet med bind 1, har laga eit register; ein geografisk konkordans og ein personfortegnelse til Lindemannutgåva. Sjå her.
< Tilbake |